Gjestehamner.

Båtturistane elskar Tysnes, med god grunn. Finn deg ei hamn du òg, og nyt idyllen.


Våge gjestehamn 

Moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes. Restauranten Mandelhuset ligg like ved, og det er elles gangavstand til daglegvarehandel, diverse nisjebutikkar, galleri, bank, m.m. Flott leikeplass for borna på kaien, og gode turmoglegheiter i nærleiken.


Nytt servicebygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.


I hjartet av hamna ligg Tysnes turistinformasjon (flytenaustet):

Ope frå medio juni – medio august, tysdag-søndag.

Tlf. 53 43 21 00

LES MEIR

Årbakka Handelsstad

Ei perle du ikkje vil gå glipp av på båtturen din! Her er vatn, straum, dusj, vaskemaskin, tørketrommel, krambu med sal av lokal handverk og kioskvarer, kunstutstilling, kystmuseum av Tysnes kystlag.


Tlf: 95551807

LES MEIR

Tysnes Sjø og Fritid

Straum, toalett og dusj. Kompasset bar og spiseri ligg like ved brygga. Butikk, badeplass, sandvolleybane og turstigar i nærområdet. Ein kan og leiga båt og feriehus.

LES MEIR

OnarHamn

Flott kombinert gjeste- og næringshamn på Onarheim, med 85 båtplassar. Stupetårn og gratis wifi. Bunkringsanlegg (mellombels stengt pga utbygging), straum, vatn, og sløyebenkar.


Daglegvare og turvegar i nærområdet.



LES MEIR

Lunde gjestehamn

Straum og vatn på kaien. Butikk, diesel og bensin om lag 350 meter frå kaien. Ballbinge, pumptrack, badeplass og turstiar i nærområdet.


Hamnevakt: 997 16 864.

Uggdal gjestehamn

Ligg like ved Tysnes sjø og fritid og Kompasset bar og spiseri.

Straum og vatn. Butikk, badeplass, sandvolleybane og turstiar i nærområdet.

Har du tips til kva me kan ha med på nettsida?


Send melding her
Share by: